Prisar for sesongen 2020/2021


Strandafjellet heiskort - Kjøp heiskort her

Born 0–7 år: Gratis           4. Klassingar: Gratis           Snøkvit: Gratis

Born 8–17 år
senior 65+
Vaksen 18 år+ Familie
1 dag 350 kr 450 kr 1400 kr *
1 dag student*** - kun midtveke 270 kr 
1 dag, Fursettrekket (mast 2) 130 kr 130 kr
2 dagers Strandafjellet 630 kr 805 kr
3 dagers Strandafjellet 935 kr 1175 kr
3 timer 290 kr 390 kr
Kveldskort 240 kr 270 kr
Enkeltur 60 kr 100 kr
Klippekort, 10 klipp 540 kr * 890 kr *
Sesongkort midtveke 2340 kr 3060 kr
Sesongkort Strandafjellet 3900 kr 5100 kr 12900 kr *
 
Prisar,  Gondolen
Gondolen tur/retur 100 kr** 250 kr** 600 kr 
Gondolen én vei 80 kr** 175 kr** 400 kr 
**  ved bruk av klippekort 2 klipp
Key Card (obligatorisk) 75 kr 75 kr
 * Rabatt ved kjøp av familie, sjå vilkår. 
Prisar skiutleie og skiskule finn du her
Prisar på parkering finn du her

  

INFORMASJON OM COVID-19 

For deg som kjøper sesongkort hos oss gir vi garanti for refusjon dersom anlegget må stenge ned større deler av sesongen grunna Covid-19.
 
Følgande refusjonsordning gjeld for sesongen 20/21:
<80 åpningsdagar, gis 20% refusjon 
<60 åpningsdagar, gis 40% refusjon 
<40 åpningsdagar, gis 60% refusjon 
<20 åpningsdagar, gis 80% refusjon
   
Merk: Refusjonsordninga for eventuelle tilbakebetalingar gjeld frå vi opnar skisenteret, altså ikkje fra når du tek i bruk sesongkortet. Refusjonsordninga gjeld kun ved stenging grunna Covid-19.
Angåande refusjon av sesongkort frå forrige sesong, 19/20: Det vil ikkje bli gitt refusjon eller rabatt på sesongkort solgt i fjor. Ifølgje reglane som Alpinanleggenes Landsforening har utarbeida, utløyser det ingen refusjon dersom anlegget holdt ope meir enn 2/3 av skisesongen. I fjor, på tross av at dei seks siste vekene blei stengt, blei meir enn 2/3 av skisesongen gjennomført på Strandafjellet Skisenter.
 

FAMILIEPAKKE DAGSKORT: 

Familepakken gjeld for to vaksne og born under 17 år. Born/ungdom over 17 år blir rekna som ein vaksen, og blir dermed ikkje rekna med i ein familiepakke.

SESONGKORTPAKKE FAMILIE: 

Pakken kjøpast samla og gjeld heile familien (2 vaksne + born under 17 år). Kr 500,- pr. ekstra ungdom som er mellom 18-19 år. Dette kan berre kjøpast saman med sesongkortpakke for familie. Kjøp sesongkort her! 
Born 0 til 7 år går gratis i heisa. 
Godkjent legitimasjon blir kreve inn av alle familiemedlemmar. 
Heile betalinga skal skje kontant/VISA ved kjøp og utlevering. 
Kortet er personleg, også innanfor familien. Ved misbruk kan heile familien risikere å måtte levere inn sine kort.
  

GRATIS SESONGKORT TIL ALLE 4. KLASSINGAR! (NYHEIT I ÅR: ALLE 4. KLASSINGAR FÅR GRATIS ALPEPASS)

Vi tilbyr gratis sesongkort for vintersesongen til alle 4. klassingar. Du kan hente sesongkortet på Strandafjellet skisenter. Hugs gyldig legitimasjon, for eksempel pass eller fødselsattest. 
Må hentast ut før 1. februar.
Sesongkort til 4. klassingar må bookes online her!
 

ALPEPASS

Prisar på Alpepass finner du her.

SESONGKORT MIDTVEKE:

Kortet gjeld frå mandags morgon til fredags kveld (gjeld ikkje i påskeveka). Studentar får 30% avslag på dagskort laurdag og søndag ved framlegg av gyldig studentbevis og sesongkort midtveke.

STUDENTPRISAR:

Gjeld på alle dags- times- og kveldskort fra mandag til fredag.
(Gjelder ikkje laurdag og søndag, vinterferie og påske.)

GRUPPERABATT:

Vi gir 10% rabatt på 1 dags- og timeskort på Strandafjellet ved min. kjøp av15 stk (kjøpast samla).
Alle heiskort gjeld kun inneverande sesong. Siste dag denne sesongen er 25.april 2021. Det blir ikkje gitt refusjon på heiskort som ikkje er nytta. Heiskortet er personleg og må ikkje overdragast. Mista kort blir ikkje erstatta. Ingen returrett. Ved misbruk eller brot på dei alpine bakkereglane, kan kortet dragast inn for heile sesongen. Det blir ikkje gitt erstatning ved driftstopp f.eks. pga dårleg vér, straumbrot, maskinfeil eller liknande.
NB! Det er ikkje mogleg å oppgradere eit lokalt sesongkort til sesongkort Alpepass.

OM KEYCARD:

KeyCard er obligatorisk på alle heiskort utanom enkel-turar.
KeyCard er eit gjenbrukskort og kan nyttast i flere skisenter i Noreg/utlandet. 

ALDERSGRENSE STOLHEISER: 

Det er 10 års aldersgrense for å reise åleine med stolheisene. Born under 10 år må reise saman med ein vaksen.

 

 

stranda.png

Sikkerheit

Ver varsam og vis hensyn i bakkane! Har du sjekka dei ti alpinvettreglane?

  1. Ein kvar skiløpar må forhalde seg slik at han/ho ikkje skadar seg sjølv eller andre.
  2. Alle må avpasse fart og køyremåte etter ferdigheit, terreng, føreforhald og trafikk i bakken.
  3. Det er forbudt å køyre rett utfor, unntatt under organisert trening.
  4. Den som kjem bakfrå, har ansvaret for å unngå kollisjon.
  5. Den som køyrer inn i eller krysser ein bakke, må påsjå at dette skjer utan fare. Det same gjeld etter stans.
  6. Stopp ikkje på tronge eller uoversiktelige stadar.
  7. Ein skiløper på veg oppover må berre benytte ytterkantane av bakken.
  8. Skistopparar/fangreimar er påbudt. Kontroller at bindingane er rett innstilt.
  9. Følg skilting, merking og anvisningar.
  10. Ved skadar har ein kvar plikt til å hjelpe. Vitner og medverkande pliktar å oppgje opplysningar om seg sjølv, slik som namn, kontaktinformasjon osv.

Vilkår:

Heiskortet er personleg og må ikkje overdragast. Skjer dette vil kortet bli inndratt og du vil få eit gebyr på 1500,-.

Gjestar som er opptil 14 år skal vise legitimasjon for alder ved billettkjøp. Kan ein ikkje legitimere seg som born, løysast billett for vaksen. Gyldig legitimasjon er bankkort, miljøkort for buss eller kopi av passet.

Aldersgrense senior er 65 år. Honnør-/ seniorprisane gjeld kun på Strandafjellet, ikkje alpepass. Honnørkort/legitimasjon må framvisast.

Alle heiskort gjeld kun inneverande sesong. Siste dag denne sesongen er 26.april.2020.

Det blir ikkje gitt refusjon på heiskort som ikkje er nytta.

Mista kort blir ikkje erstatta. Ingen returrett. Ved misbruk eller brot på dei alpine bakkereglane, kan kortet dragast inn for heile sesongen.

Det blir ikkje gitt erstatning ved driftstopp f.eks. p.g.a. dårleg ver, straumbrot, maskinfeil eller liknande.

Skisenteret kan ikke holdes ansvarlig for uforutsette forhold som reduserer tilbudet til kunde når forholdet ligger utenfor skisenteret og som skisenteret ikke kunne forutse eller overvinne følgene av forholdet (Force majeure).

Våre samarbeidspartnere