Restaurantar

Nyt eit godt måltid med fantastisk natur rundt deg.

Strandafjellet har tre Restaurantar, Fjord Panorama, Furset Paviljongen og ikkje minst Stova. I tillegg har vi Stranda Hotel med Restaurant og Lobbybar med forkjærlighet for lokalt øl!

Fjord Panorama restaurant - Opent onsdag til søndag 10:00-16:00

Vår Fjord panorama restaurant byr på majestetisk utsikt, og ein gastronomisk ambisiøs meny samansett av lokale råvarer av god kvalitet. Vi satsar på rettar som heimelaga brennsnut med brød frå lokale bakarar, saftig høgryggsburger, spekeskinke, surra ørret og vår eigen fjellskav.
Vi tilbyr fleire ulike lokale ølsortar, økologisk juice og mineralvatn, vin og kaffi. Med gode smakar servert av trivelege vertar ønskjer vi å gi deg det lille ekstra som gjer at din dag på Strandafjellet blir ei flott oppleving!

Stova - opent når skisenteret er opent og i tillegg under arrangement.

Stova ligg i hjartet av Strandafjellet, tett på barneområdet og påstiginga til Fursetheisa. Her får du servert enkle rettar med heimelaga pizza og brennsnut i spissen, i tillegg får du kioskvarer og fleire ulike typar kald drikke. Du kan og kjøpe vår ”Pudderpakke” med skive, frukt, bolle, sjokolade og brus – nyt den inne, eller ta den med i bakken!
På Stova kan du ete matpakke din.
Når heisa stoppar på laurdagar, gjer vi Stova om til vår populære AFTERSKI frå klokka 16.00 -20.00 Her er det garantert glede og god stemning! Utvalte fredagar riggar vi til Familietaco 19:00-21:00 eller Stranda Quiz 19:00-22:00! Facebook/strandastova side for å halde deg oppdatert.

Furset Paviljongen - Opent onsdag til søndag 10:00-16:00

På toppen av stolheisa på Fursetsida finn du vår mest intime serveringsplass med koseleg kaféstemning. Her kan du nyte ein god kaffi, varm kakao, brus, øl eller vin, samt vår oppvarma krydra øl eller prøve ut vår glüwine. Vi serverar nysteikte bollar, muffins, sveler, vaflar m.m. Spekemat frå skinkehovudstaden Stranda, gode pølser, supper og risgraut høyrer og til på menyen! Vi byr på personleg service og matglede på vår koselege fjellkafé – velkommen heim til oss på Furset Paviljongen!

Stranda Hotel Restaurant

I hjartet av Storfjorden, ved foten av fjelltoppane rundt Stranda, finn du vår restaurant der vi stolt og med omhu lagar mat av lokale råvarer. Vi tilbyr ein à la Carte meny med variasjon, og konseptet «veka 3-rettar». I restauranten har vi og eit stort utval av lokale ølsortar, ulike typar cider, og sjølvsagt mykje god vin. Vi legg og vekt på å ha gode alkoholfrie alternativ som står til maten, om du ønsker det.

God mat og drikke utgjer mange det lille ekstra i kvardagen eller på ferie. Vi ønsker å gi alle som legg turen innom oss akkurat dette.


Lobbybaren

I vår lobbybar finn du noko for ein kvar smak. Lokale ølsortar, -omtrent 60 i talet, norsk cider, fat modna akevitt, norsk gin, whisky og eit godt utval av alkoholfrie øl. I tillegg har vi lokal juice og mineralvatn. I våre drinkar nyttar vi mellom anna sirup og saft der ingrediensane er hausta frå naturen rundt Stranda og tillaga på vårt kjøkken. Smaken er nær og god!

Vi tilbyr og sjokolade frå Geiranger, muffins, kaffi og heimelaga fjellte i tillegg til kioskvarer. Lobbyen er og plassen for god steming og ikkje minst eit godt utvalg pizza til alle døgnets tider. Eiga TV-stove, tilgang til avis og nett finn du og.
Velkommen skal du vere.

Våre samarbeidspartnere