NM Masters 2017

Den 30. mars til 02 april

Årets NM MASTERS vil bli avhold på Strandafjellet! Vi ynskjer alle tidligare alpinistar og andre velkommen til tidenes mest fartsfylte helg.

Bli med å delta eller berre for å heie fram gamle heltar!

NM MASTER STRANDA 2017 Innbydelse.pdf

Og følg oss på Facebook

Nm masters.JPG

VELKOMEN TIL NM MASTER ALPINT PÅ STRANDAFJELLET

Det er ei stor glede å få ønske alpinveteranane velkomne til Strandafjellet den 30.03-02.04.2017.

Stranda Skisenter ligg aust i Sunnmørsalpane. Stranda IL Alpin har lange tradisjonar innan alpinsporten (1950 talet), og har vore vertskap både for Noregsmeisterskap (sist i 1989), Coca Cola-finale (1994), Nordisk meisterskap og World Cup (1990). I tillegg til dei populære Norges Cup samlingane som gjekk under navet «påskekarusellen». Vi arrangerer fortsatt store og små renn – ca. 10- 12 stk. kvart år.

2009 markerte ein ny æra for Stranda Skisenter med ei ny fireseters stolheis. Ein fekk i tillegg ei opp gradering av alle trekk og ned fartar, lysanlegget vart forlenga og forbetra og vart Nordvestlandets lengste. Snøproduksjonsanlegget vart også forlenga og forbetra, og ein fekk paviljong med servering på toppen av stolheisa. I 2012 stod ein seks-seter telemix med 8 seter gondolbane ferdig på Roalden.

Gondolen er Skandinavias største i antall høgdemeter mellom topp og botnstasjon(618 meter). Lengda er 2100 meter. Ein ny paviljong med restaurant sto også klar. Denne ligg på 1047 meter og tilbyr ei uforgløymeleg utsikt utover Storfjorden, Sunnmørsalpane og Fjordbygda Stranda. I dag kan Stranda Skisenter smykke seg med fleire prisar innan kåringar om beste skianlegg på landsbasis, og har vorte kåra til ein av dei ti største attraksjonane i Fjord Norge-regionen.

fn655d-hm-4256x2832-240.jpg

Det vert også betrakta som eit av Skandinavias beste frikøyringsområde, og har etterkvart oppnådd status utanfor landegrensene som ei spektakulær og særeigen vinteroppleving i Fjord Norge. Det moderne anlegget har i dag seks skiheisar, skiband, barnepark, terrengpark, 17 nedfarter og sørger for at vinterentusiastar i heile familien får dekka sine behov

Påmelding til renn skjer via Min Idrett


www.minidrett.no


Manuell påmelding til Leidulf Årvik

Kontaktperson for Stranda Alpint og Organisasjonskomité:

Leidulf Årvik: 47 66 73 43 /


leidulf.aarvik@gmail.com


Prisar

Startkontingent
(kr. 150,- + mesterskapstillegg kr. 50,-) pr renn
Kr. 200,-

Startkontingent trening Super G
Kr. 150,-
(organisert med tidtaking, startnummer, etc.)

Heiskort pr dag Kr. 250,-


Våre samarbeidspartnere