Langrenn

Daglig oppkøyrde langrennsløyper

På Strandafjellet finn du heilt opp til 25 km flotte preparerte langrennsløyper.


Fast prepping: Lysløype: man-fre 16:00, lør-søn 10:00, tirsdag og onsdag 13:00

Langlofonna: tirsdag og onsdag 13:00, onsdag 16:00, lørdag og søndag 10:00

Til kvar helg, preparerer vi så mykje av løypenettet som mogeleg.

Utover dette blir løypene preparert ved stort snøfall, og ved spesielle behov.

Følg gjerne med på Strandafjellet på skisporet.no


Løypebeskrivelsar

Lysløypa: 3 km. Startar ved skiheisa på Roaldsida. Kupert rundløype i skogsterreng. Ei lang og bratt nedkjøyring mot slutten, som krev gode bremsekunnskapar.

Ringstadsetra: 3,5 km. Startar der lysløypa svingar tilbake. Variert rundløype i nydeleg, solrikt småskogterreng. Fin utsikt mot Roaldshorn og omkrins.

Langlofonna: 5,5 km. Startar ved skiheisa på Roaldsida, men i motsatt retning av lysløypa. Variert rundløype i myr og småskogterreng.

Fursetreset: 3 km. Startar ved Skibandet på Fursetsida. Enkle sløyfer i småskogterreng.


Generell informasjon

Langrennsløypene i Hevsdalen er eit viktig tilbod på Strandafjellet. Vi gjer vårt aller beste for å oppretthalde god kvalitet, men dette er både tidkrevande og kostbart.

For å dekke inn kostnadane, samt ha mogelegheit for å utvikle langrennstilbodet videre, har vi innført ei frivillig ordning der du kan gi di støtte.
Giro der du sjølv bestemmer summen, kan hentast i billettluka på skisenteret. Ønskast giro pr. post, send ein mail med namn/adresse til skipost@strandafjellet.no

Mange har allereie benytta seg av dette, og vi takkar alle dykk for hjelpa!

Følg Strandafjellet skisporet.no

Våre samarbeidspartnere