Aktiv på Stranda

På Stranda Skisenter finn du aktivitetar for heile familien.

Hos oss finn du noko for ein kvar smak: 7 skiheiser, gondol, 18 nedfarter, 2 restaurantar, varmestove, barnepark/familieområde, terrengpark, skiskule, skiutleige/skiservice og guiding/toppturar. Målet vårt er at alle vinterentusiastar får dekka sitt behov.


Er du klar for ein aktivitet der du sjølv vél tempoet, omringa av fantastisk natur? Prøv ei eller fleire av langrennsløypene våre . Vi har også fleire skitrekk med varierande nivå, der vi tilbyr gratis sesongkort til alle 4. klassingar og gratis skitrekk for dei minste. Om det er ideelt med litt meir fart og spenning er terrengparken rette staden å gå. I parken finn du mange store og mindre hopp, rails og andre element. Strandafjellet er også eit eldorado for laussnøkjøring, både heisbasert og toppturbasert.


Vi har også aktivitetar utan ski på beina. Du kan velje mellom alt frå isklatring, airboard og konkurransar til trugeturar. I samarbeid med Uteguiden tilbyr vi ei rekke spennande opplevingar og aktivitetar.

Ein ting er sikkert og visst: ein koseleg og aktiv dag bygger opp matlysta! Du kan velje mellom Roaldspaviljongen Panorama Restaurant (1042 moh.), paviljongen på toppen av Fursetheisa (708 moh.) og ein kafé på botnen av bakken som heiter Stova.


Stranda Skiresort from Strandafjellet Resort on Vimeo.

Planlegg du ei utflukt utan guide anbefaler vi å følge rutene som er på UT.no, sjå skredvarsel på Varsom.no, samt følge Fjellvettreglane:

  1. Planlegg turen og meld frå kvar du går
  2. Tilpass turen etter evne og forhold
  3. Ta omsyn til vær- og skredvarsel
  4. Ver førebudd på uvær og kulde, sjølv på korte turar
  5. Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre
  6. Ta trygge vegval. Kjenn igjen skredfarleg terreng og usikker is
  7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.
  8. Vend i tide, det er inga skam å snu
  9. Spar på kreftene og søk ly om naudsynt

Våre samarbeidspartnere