Møter og kurs på Stranda

Så kjekt at de vil til Stranda!
-ei lita bygd i verdsklasse!
4-stjerners rammer og vertskap med lang erfaring på Stranda Hotel

4-stjerners rammer og vertskap med lang erfaring på Stranda Hotel


Vi har lang fartstid innan møter, kurs og konferansar.
Som vår gjest kan du ta deg av det faglege, så skreddarsyr vi alt av servering, mat og drikke samt alt det tekniske.
Vi elskar opplevelsar i form av lokal mat og drikke, aktivitetar og eventyr, så vi har eitt breitt utval til dere for noko attåt.

Foto: Arild Solberg

Arild Solberg_StrandanattDEMO_COMPOSITE_28923 (002).jpg


Mat & Drikke

Den vakre bygdebyen mellom fjord og fjell på indre Sunnmøre har store namn på lista over produsentar. Stranda kommune har også kø av produsentar i småskala, som leverer høg kvalitet over tid.

Vi kan nemne Grilstad, med både Stranda Spekemat og Tind Spekevarer. For ikkje å gløyme Norsk Sjømat, med sine laks- og ørretprodukt, men vi har også Orkla med Pizza Grandiosa og Vestlandslefsa

Til gjesten sin fordel er det levering på trappa, rykande ferskt, direkte frå produksjonen til kjøkkendøra.
Dette tek vi med oss inn på hotellets kjøkken til fordel for våre gjestar!
God mat og drikke utgjer for mange det lille ekstra,  for oss utgjer det alt.


delingsfat.jpg


Møterom

Stranda Hotel tilbyr lokale på hotellet samt eit utval av selskaps-  og konferansesalar i lokala til Skinkerådhuset samt Storfjord Kulturhus. Skinkerådhuset er nabobygget til Storfjord Kulturhus og ligg 30 meter unna hotellet.


utsnitt 3 gode venner.jpg


Stranda Hotel, Storfjord Kulturhus og Skinkerådhuset er tre gode naboar i sentrum av Stranda som samarbeidar tett.

Vi tilbyr møterom frå 2 til 300 personar 
Allmenningen 1. etasje Stranda Hotel maks 56 personar i klasserom og 80 personar i kinosal.
Styrerommet 2. etasje Stranda Hotel maks 8 personar ved styrebord.
Toppen 5. etasje Stranda Hotel maks 36 personar i klasserom og 56 personar i kinosal.
Storsalen 1. etasje Storfjord Kulturhus maks 150 personar i klasserom og 300 personar i kinosal.
Hjorten 2. etasje Storfjord Kulturhus maks 56 personar i klasserom og 80 personar i kinosal.
Galleriet 2. etasje Storfjord Kulturhus maks 16 personar ved styrebord.
Skinkerådhuset 2. etasje maks 36 personar ved styrebord.

Sunnmørsk gründerånd presenterte seg spesielt sterk på Stranda då den gamle banken, som tente som kommuna sitt rådhus, vart ståande tomt. Då gjekk næringslivet saman og endra bygget til ei storstove, som viser fram mykje av det Stranda har å by på. No har bygget fått namnet «Skinkerådhuset», og lokalet i hovudetasjen er innreidd og møblert. Dette er gjort med kyndig hand av Slettvoll, med lekre, moderne møblar for at god mat og drikke skal ha dei flottaste rammene. Lokalet tenar no som inspirasjonskjøkken, møtelokale og selskapslokale for firma og leverandørar, samt ein og annan matbloggar eller kjendiskokk skal få leike seg med Stranda sine råvarer av verdsklasse!

Biletet er frå Allmenningen på Stranda Hotel. Foto: Raw Reklame & Foto

RawReklameOgFoto_StrandaHotel-5005.jpg

  

Ta kontakt med vårt salgsteam for å få det rette innhaldet, til den rette datoen for den rette prisen.

Aktivitetar

Vår aktivitetleverandør UTEGUIDEN leverar aktivitetar sommar som vinter. Stikkord her er å vere ute og bruke naturen med varierande vanskegrad, frå nybegynnar til ekspert. Elles har vi også aktivitetar som inkluderer mat- og drikkeopplevingar samt kultureventyr av verdsklasse. Kva med å komme seg utpå verdsarvfjorden; Geirangergfjord med ribbåt frå Bonseye Excursions for ein sightseeingtur utan sidestykke? 

Foto: Bonseye Excursions

ribbåt.jpg

... eller ein uformell 5-kamp i hotellhagen med Uteguiden

5kamp.jpg

... eller eit eventyr i fjellet på truger eller ski med guide frå Uteguiden

truger uteguiden.jpg

... eller ei ølsmaking med smakebitar frå Stranda

Ølsmaking.png


Det finnast nesten ikkje grenser på Stranda - ein liten stad i verdsklasse!

Ta kontakt med vårt salgsteam for å få det rette innhaldet, til den rette datoen for den rette prisen.

Velkomne hit til oss!


Kontakt oss


70 26 90 00


Send oss ein epost


Foto: Svein Lunde

Jul på Fjord Panorama.jpg

Våre samarbeidspartnere