Turkart 3.jpg

Strandafjellet som turområde.

Omgjevnadane på Strandafjellet er perfekte for fjellvandring og toppturar.

Gamle, unge, toppturentusiastar, fjellvandrarar- eller berre livsnytere finn eit stort utvalg fjellturar i området på Strandafjellet. Med utsikt over den mektige Storfjorden og fjordbygda Stranda som motiv er det fleire ruter å velge mellom.
 

A: Krevjande: Svartevatnet-Langevatnet-Kleivdalsfjellet-Roaldshornet:

Turen startar ved kommunegrensa Stranda – Sykkylven på Strandafjellet. Parkeringsplassen ligg ved Svartevatnet. Gå over til motsatt side av hovedveien, der vil du finne ein godt merka sti opp til Langevatnet. Tidsbruk ca 45 minutt. Frå Langevatnet kan du gå videre til Roaldshorn. Denne turen tek 1-2 timar fra vatnet, og går i variert terreng over Kleivdalsfjellet og opp til Roldshorn. Herifrå kan du fortsette ned til Paviljongen Roalden, Meraftashornet eller Skuravatnet.

B: Lett: Hevsdalen-Langlofonna:

Ein flott opparbeid grusvei i flatt terreng. Stien startar ved botnstasjonen ved Gondolen på Strandafjellet, og går i retning Sykkylven.
 

C: Lett: Hevsdalen-Ringstadsetra:

Startar ved Gondolbanen og går i retning Stranda sentrum. Dette er ei rundløype i nydelig, solrikt småskogsterreng  med fin utsikt mot Roaldshorn og omegn.


D: Lett: Hevsdalen-Ringstadsetra-Skarhaugen:

Dette er ein forlengelse av Turen Hevsdalen-Ringstadsetra. Når du kjem fram til vegskillet ved Ringstadsetra, fortset du fram mot Skarhaugen. Her kan du nyte utsikta over Stranda og Storfjorden.
 

E: Moderat: Hevsdalen-Ringstadsetra-Meraftahornet:

Meraftahornet ligg mellom Ringstadsetra og Roaldshorn på Strandafjellet. Den lettaste ruta er å gå frå Hevsdalen, via Ringstadsetra, og opp til Merafta. Skiltet står ved dei siste hyttene øverst i det eldste hyttefeltet.(Ta til høgre når du kjem til Ringsatdsetra). Det er ganske bratt veg opp. Denne stien er godt merka og mykje brukt av hyttefolket. Meraftahornet er eit flott utsiktspunkt over Stranda sentrum og Storfjorden.
 

F: Krevjande: Hevsdalen-Ringstadsetra-Meraftahornet-Storgjerdet:

Fra Meraftahornet kan du gå ei merka rute ned mot det øverste byggefeltet Storgjerdet. Her går stien gjennom skogsterreng, og den første delen er forholdsvis bratt. 
 

G: Krevjande: Hevsdalen-Ringstadsetra-Meraftahornet-Roaldshornet:

Det går også ein merka sti fra Meraftahornet og opp til Roaldshorn som ligger 1230 moh, med ein helt fantastisk utsikt over fjell og fjord.
 

H: Lett: Hevsdalen-Fursetreset:

En fin og idyllisk tur blant hyttebebyggelsen.
 

I: Lett: Hevsdalen-Fursetreset-Hevsdalen(Rundtur):

Enkel rundløype som går langs elva i Hevsdalen. Du går over FV 60, og tek turen tilbake igjen ved Ringstadsetra.
 

J: Krevjande: Hevsdalen-Roaldshornet:

Vegen som går fra botnstasjonen av Gondolen på Strandafjellet er ypperleg  for motbakketrening. Vegen som går fra 430 m.o.h og heilt opp til toppstasjonen på 1062 m.o.h er gruslagt, og går langs Gondolen oppover. Med ein høgdeforskjel på heile 618 meter vil nok dei fleste få opp pulsen her. Frå toppstasjonen på Gondolen kan du ta deg videre opp til toppen av Roaldshorn på 1230 m.o.h.

K: Krevjande: Roaldshornet-Trollvardegga-Skuravatnet-Skurahornet:

Trollvardegga ligg på ruta mellom Skuravatnet og Roaldshorn. Start ved Roaldshorn og gå langs ryggen ned mot Trollvardegga. Følger du fjellryggen videre nedover kjem du til Skuravatnet. Fortset du frå Skuravatnet, i lett stigande terreng går det ein merka sti mot Skurahornet. Her får du betalt med ein nydelig utsikt over Stranda, Storfjorden og ut mot Dyrkorn.
 

L: Krevjande: Roaldshornet-Trollvardegga-Skuravatnet-Langlo:

Løypa går på ein godt synleg, skilta sti. Deretter går løypa inn i skogen, før den ender nede ved byggefeltet Langlo. Turen frå Skuravatnet til Langlo tek ca en time.
 

M: Moderat: Hevsdalen-Gamleveien-Storgjerdet:

Turen går på ein gamal traktorveg frå Ringstadsetra og ned til bebyggelsen i Storgjerdet.

 
 
Alle turløypene går i eit naturlandskap som kan ta pusten frå dei aller fleste. Turane har varienrande vanskegrad, og tidsbruk. Det flotte er ar du kan velge akkurat den som passar til deg!
Om du ønsker å benytte deg av turkartet til Stranda Kommune, er det å få kjøpt i lokale butikkar på Stranda.