Sommartid på stranda

Å opphalde seg på Stranda om sommaren er alltid ein god idé. Adrenalin om dagen, avslapping på kvelden – vi har alt du trenger.

Vi har eit stort utval av ruter i fjella og dalane i området, der du enten kan fare på sykkel- eller fjelltur. Det er også ei oppleving i seg sjølv å ta Gondolen, der du har ei 360-graders utsikt over fjorden og dei flotte fjelltoppane. Uavhengig av fysisk form eller alder, skal vi sørge for at du får ei oppleving du seint vil gløyme.

Med Gondolen tek vi deg bokstaveleg talt til nye høgder. Utsikta frå Roalden 1042 moh. er eit must når du er på Stranda – samt dei uendelege moglegheitene for fjellturar, sykkelturar og paragliding.

Der er også eit løp som heiter Stranda Fjord Trail Race, som går føre seg 20. august. Registreringa er allereie opna – kva ventar du på?

Når du har prøvd alt vi har å tilby kan du alltids finne nye eventyr ein av stadane i nærleiken; Geiranger, Valldal, Hjørundfjord, Ålesund, Hellesylt og Norangsdalen.




Visst du planlegger ei utflukt utan guide, anbefaler vi å følge rutene som er på UT.no, samt følge Fjellvettreglane:

1. Planlegg turen og meld frå kvar du går

2. Tilpass turen etter evne og forhold

3. Ta omsyn til vær- og skredvarsel

4. Ver førebudd på uvær og kulde, sjølv på korte turar

5. Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre

6. Ta trygge vegval. Kjenn igjen skredfarleg terreng og usikker is

7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.

8. Vend i tide, det er inga skam å snu

9. Spar på kreftene og søk ly om naudsynt

Våre samarbeidspartnere